Haustseminar på Aure

November 5, 2018

Laurdag 3. november hadde Nordmøre Mållag haustseminar på Aure. Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag tala mellom anna om digitale læremiddel, og kor viktig det er at skulane syter for at dei digitale læremidla dei kjøper inn er tilgjengelege både på nynorsk og bokmål.

 

I tillegg fekk vi presentert eit framifrå Vinje-program ved Aure Mållag. Kirsti Orheim Ås tala om avismannen og essayisten Aasmund Olavson Vinje, og lokale musikarar under leiing av Aure mållag sin eigen Alexey Krubanov spelte både til klassiske komposisjonar og tonesetjingar av Vinje-dikt.

 

Det var òg presentasjon av Du mitt Nordmøre, og leiar i skriftstyret Astrid Aubert tala engasjert om innhaldet i boka.

 

 

 Dei som deltok på seminaret var sers nøgde med innhaldet. Kirsti Orheim Aas (første rad heilt til høgre) heldt eit innhaldsrikt og fengjande kåseri om avismannen Åsmund Olavson Vinje.

 

 

 Bjørn Sjögren (fiolin) og Alexey Kurbanov (orgel) stod for musikken saman med Asbjørn Klaksvik (munnspel)

 

 

Astrid Aubert presenterte årets Du mitt Nordmøre

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste innlegg

July 6, 2020

November 5, 2018

November 14, 2017

September 5, 2017

April 2, 2017

January 25, 2017

November 18, 2016

Please reload

Arkiv
Please reload

Søk etter tags
Please reload

Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

Følg oss

© 2017 Nordmøre Mållag
 

Ring:

41602489

  • Facebook Clean