top of page

Du mitt Nordmøre 50 år

av Astrid Aubert

(føredrag heldt ved 50-årsmarkeringa for Du mitt Nordmøre på Tingvoll i mai 2016)

Eldsjelene

Erling Skjølberg (1922-1997)

Skal ein få til noko, treng ein eldsjeler. Han som drog i gang Du mitt Nordmøre i 1966, var ei slik eldsjel,  nemleg Erling Skjølberg. Han var kjend i alle bygder på Nordmøre som omfarande folkeminnesamlar og forlagsmann. Foreldra var frå Smøla men busatte seg tidleg på Averøy, der Erling vaks opp. Etter landsgymnas i Orkdal fullførde han lærarutdaning i Levanger, og tok til som lærer i Malvik og Trondheim sist på 1940-tallet.

 

Men Skjølberg var meir oppteken av skriving enn av læraryrket. Han begynte å gje ut småskrifter av kultur- og lokalhistorisk art og etter kvart blad på nynorsk for barn og ungdom.

 

Han  slutta i skulen og starta  Rune Forlag i 1962, der han la ned enorm arbeidsinnsats. Skjølberg gav ut 10-20 bøker kvart år i tillegg til småskrifter av ymse slag. Ikkje alle bøkene var skrivne på nynorsk. Stort sett dreiv han forlaget aleine. Han var forfattar, konsulent og korrekturlesar og tok seg av sal og marknadsføring, -  ei sann form for «Skjølberging», rett og slett! 

 

Skjølberg fekk hjerneslag i 1981 og greidde ikkje lenger å drive forlaget vidare, så det vart nedlagt seinare på 1980-talet. Men då var DmN for lengst overteke av andre. Allereie i 1967 bad Nordmøre Mållag om å få ta over drifta, og det vart valt ei eiga skriftnemnd:

Lars Flaa, Aksel Sæsbøe og Bjarne Østbø.

 

Mållaget var på ingen måte misnøgd med Skjølberg sin jobb med bladet, snarare tvert om. Det

nyvalgte skriftstyret bestemte seg raskt for å føre Skjølbergs linje vidare. Sjølv om dei ynskte

at boka skulle kome ut årleg, ville dei ikkje bruke nemninga «Årbok». Dei ville nemleg ikkje

at folk skulle blande den saman med årsskriftet til Nordmøre Historielag.

(Det skjer visst stadig vekk likevel….)

 

Bjarne Østbø (1918-1980)  fortener også nærare presentasjon. Han var den fyrste skriftstyreleiaren etter at Nordmøre Mållag tok over drifta av bladet, og han blei sitjande i skriftstyret i 10 år.

Østbø var skulemann og  rektor v/ Surnadal U-skule og hadde stor fagleg tyngd  i norsk og historie. Han var diktar og forfattar og fekk Sunnmøre Ungdomslag sin pris for diktsamlinga «Vindfall» 1977.

Dessutan var han også svært oppteken av dialekta i heimtraktene. Han samla rundt fem tusen ord som vart lagde i "ordkista". Dette vart opphavet til boka "Ord til gagns», som Heimbygdlaget skreiv i 2010. 

​

Under Vårsøghelga i 2011 blei han heidra med eit eige program, der m.a. Styrkår  Brørs og Jan Erik Vold snakka varmt om han  (FråTrollheimsporten si heimeside 11. juni 2011):

 

«Bjarne Østbø var vittig, kjemisk fri for klisjeer og hadde selvironi. Han var en ener i både muntlige og skriftlige uttrykksformer»,  seier Styrkår Brørs, som omtalar han som ein "alvorlig humorist".

Jan Erik Vold seier at Østbøs arbeid kunne jamførast med tekstene til Alf Prøysen - Han såg dei som hadde det vondt. «Det er kanskje på høy tid at flere får øynene opp for det han har skrevet. Så langt er det kun jeg, Haldis Moren Vesaas og Olav H.Hauge som har slått et slag for denne forfatteren», seier han.

Bjarne Østbø bidrog med verdfullt stoff til DmN kvart år så lenge han var med i skriftstyret. Også seinare er han representert og omtala, siste gong i fjor.

 

Turre fakta

1966-utgåva hadde 56 sider. Dei første 10  årene steig sidetallet jamnt og trutt til det dobbelte.  Sidan 1978 har boka halde seg på godt over hundre sider, med eit par unntak. I fjor sette vi jubileumsrekord med heile 200 sider.

Utsalsprisen har sjølvsagt stige og, i takt med at boka har blitt større og krona mindre. Det kostar å lage bok.  Den fyrste utgåva kosta 6 kroner, og av dette gjekk ei krone til mållaget, resten til drifta. Frå 1968 til 1980 var bladet delfinansiert med annonser. Men det er ikkje ynskjeleg å basere ei slik bok på reklame. I staden har ein prøvd  å dekkje utgiftene gjennom sjølve salet.  Dei siste åra har prisen lege på 150 kroner, og folk synest tydelegvis at boka er verdt pengane: Du mitt Nordmøre har vorte sjølve grunnpilaren i Nordmøre Mållag sin økonomi.

Teknisk framgong har det også vore: I 1999 kan vi for fyrste gang sjå fargebilete  i Du mitt Nordmøre. Sidan Du mitt Nordmøre inneheld ei blanding av gamalt og nytt stoff, er det naturleg at det enno er  mykje  illustrasjonsmateriale i svart-kvitt.

 

Likestilling i skriftstyra

Det var mennene som styrde DmN i mange år. Fyrste kvinne i skriftstyret var Ingrid Fugelsnes i 1978, og fyrste kvinnelege redaktør var Kjellaug Handegard Brørs i 1992. I 1995 var alle verva i skriftstyret overtekne av kvinner. Det er jo ikkje noko mål i seg sjølv, men det seier noko om samfunnsutvikling og likestilling. Sidan har kjønnssamansettinga av skriftstyra vore blanda, slik det vel bør vere. Men det er eit tankekors at  det ikkje vore nokon mannleg leiar i skriftstyret på 25 år…..

 

Innhald

Du mitt Nordmøre er eit årvisst organ for nynorsk språk og kultur på Nordmøre, faktisk det einaste i sitt slag i regionen. Det forpliktar.

«Kva skal ein eigentleg skrive om i Du mitt Nordmøre?» spør Bjarne Østbø  i føreordet til den

aller fyrste utgåva.  Og han gjev svar: «Vi kjem ikkje til å stille så store krav til emneval og fagleg tyngd som eit historielag

sjølvgjeve må gjere. Vi vil heller gi rom for både dikt og prosa, både målføreoppskrifter og

livsskildringar, både natur og næringsliv, både nytt og gammalt.»

 

Akkurat denne lina prøver vi å følgje i dag óg, det er ei god oppskrift. Og vi kunne gjerne ha

lagt til at vi vil gje rom for gamle og unge skribentar av båe kjøn, både gjengangarar og

nykomlingar.

Vi ser det som ei oppgåve å inspirere fleire til å skrive nynorsk. Og vi har ei viktig oppgave i

å syne verda at nynorsk er brukande til mykje mer enn dikt og eventyr. Vi ynsker at Du mitt

Nordmøre skal spegle kulturen i Nordmørsregionen.

 

«Og kvifor i all verda skal vi halde fram med å gi ut denne boka?»

spør Bjarne Østbø vidare. I føreordet til utgåva i 1969, året for månelandinga, skriv han m.a.:

«Vi som har arbeidet med utgjevinga, har ikkje kunna unngå spørsmålet om kvifor vi syslar

med slike ting i ei Luna-tid. Kanskje kunne vi nøye oss med å svare: Nettopp derfor. ….

Sentralisering eller pluralisme, konformitet, lokalpatriotisme – det fins så mange ord.  Så

mange slag ord. Slagord. Stundom kan ein nøye seg med å seie: Eg høyrer heime her.

Stundom er det nok. 

 

Kvifor Nordmøre Mållag gir ut «Du mitt Nordmøre»? Ja, kven ville elles gjere det? ……..

For somme av oss er målet ein del av det vi høyrer heime i. Ein del av oss sjølve også.

Identitet – det er vel eit fint ord…..»

 

Identitet er eit nykkelord, tilhørigheit er eit anna. Boka heiter «Du mitt Nordmøre», og det gir

rom for refleksjon. Kven har rett til å snakke om «mitt Nordmøre»? Når kan ein seie at ein er

nordmøring? Samfunnet har endra seg mykje på 50 år, og det er kanskje naturleg å tenkje litt

vidare i dag enn dei gjorde på 1960-70-talet. Det kan kanskje opne nye perspektiv og gjere

boka aktuell for endå fleire.

 

Katalogisering

I blant har eg sakna informasjon om kva som har stått på trykk tidlegare i DmN. Bjarne Østbø

presenterte eit oversyn over dei fyrste 10 åra i 1977,  både når det galdt forfattarnamn,

saksregister og innhaldslister.  Lars Mogstad gjorde det same for perioden  1977-1986. Sidan

er det ingen som har gripe fatt i dette, endå  historia berre blir lenger og lenger og rikare og

rikare.  Det er jo 30 år sidan 1986....

Det passa kanskje ikkje så dårleg, då, å få dette på plass i samband med den 50. utgåva i fjor.

Dermed laga eg ein fullstendig oversikt over forfattarane og innhaldet i alle dei 50 utgåvene,

samt liste over medlemene i skriftstyra. Dette ligg no på heimesida til Nordmøre Mållag,

tilgjengeleg for alle, enkelt å oppdatere for komande år. 

 

Kva skriv ein om i Du mitt Nordmøre?

Du vil finne tekster i alle sjangrar om nær sagt alle tenkjelege emne:

Tidsaktuelle fagartiklar om samfunnstilhøve, kommunikasjonar, tilhørigheit, miljø, språk,

helsestell, dialektar, stadnamn, historiske artiklar, reiseskildringar,personskildringar, intervju,

eventyr og segner, dikt, minneord, prologar og lure visdomsord. 

Det er heilt utrulig kor mykje interessant og godt stoff som gøymer seg mellom DmN sine permar! Alle årgangane finst på biblioteket. Der kan du leite gjennom bøkene i fred og ro og la deg imponere og forbløffe. 

 

Og kven er det eigentleg som skriv i dette bladet?

Det er berre å ta av seg hatten og bøygje seg  i støvet for alle dei kreative skribentane  som har sørga for å halde nordmørs- og nynorskkulturen oppe på så høgt nivå alle desse åra.  Alle fortener stor takk, heider og ære.

Bidragsytarane er av alle slag: Dei er innfødde nordmøringar, innflyttarar og utflyttarar, østlendingar, trøndarar, nordlendingar og vestlendingar, byfolk og bygdefolk, unge og gamle, forfattarar og journalistar, lærarar og gardbrukarar, forretningsfolk og helsearbeidarar, misjonærar og lokalhistorikarar, musikarar og forskarar,  - og somme er «berre» romantikarar…..

Nokon skriv etter oppmoding frå oss, andre kjem ubedne. Alle er velkomne! 

 

Mange har vore særdeles trufaste. 

 

Blant dei som har bidrege med flest tekster over  flest år kan vi nemne Berta Aspås, Gudbjørg Melland, Eldrid Lausund, Randi Skrøvset Hatle, Odin Hals, Rolf Hindhammer, Ola J. Holten, Tor Erik Jenstad, Nils Tore Leivdal og Ottar Roaldset – og mange fleire…

Men den aller viktigaste bidragsytaren i Du mitt Nordmøre si femti år lange historie er utan tvil Hans Hyldbakk, som er representert nesten kvart år med langt over hundre tekster til saman. Enno i 2015, fjorten år etter at han døydde 103 år gamal, hadde han mykje å bidra med!

Noko av det vi elles sette aller størst pris på i fjor var dikta til skuleelevane frå Vårsøglandet. Vi let oss rett og slett imponere over kreativitet, form og uttrykksevne hos dei unge diktarane. Den yngste var berre 6-7 år! I lys av Hans Hyldbakk er spennvidda i alder nesten større enn  det er mogleg…

 

Avrunding

I nokre år såg skriftstyret det formålstenleg å samle seg om eit bestemt tema for kvar utgåve.

Det er vi ikkje lenger så opptekne av, med mindre det er eit helt spesielt år som tilseier eit

Heilt spesielt emne. Vi er åpne for tekster om det meste i alle sjangrar, korte eller litt lengre.

Så langt råd prøver vi å ta omsyn til geografisk spreiing på bidragsytarane og stoffet. Dei siste

åra har vi ikkje kunna ta inn alt det stoffet vi har fått, det har rett og slett ikkje vore plass til

alt, trass i at jubileumsutgåva i fjor var ekstra omfangsrik. 

 

Vi i skriftstyret (Ingrid Kjønnøy, Rolv Sæther og eg) er allereie  i full gang med 2016-utgåva. Vi har idear nok til ei bok i år og, men vi er ikkje så sjølvgode at vi trur at vi er kreative nok aleine. Det er heller ikkje meininga. Difor ynskjer vi innspel frå dykk.  Har du ein god ide, ta kontakt med meg eller ein av dei andre i skriftstyret. Det er moro å skrive, og moro å sjå det på trykk!

 

I fjor skreiv vi m.a. om Bjarne Østbø sin artikkel fra 1967 om jordraging, ein ganske spesiell måte å handsame sjuke barn på før i tida. Det var veldig artig  å få respons frå ein nordmøring i Trøndelag like før jul om nettopp dette. Han  sat på fleire interessante opplysningar om temaet, sa han, og hadde lyst til å skrive om det i 2016-boka.

Då er vi der vi gjerne vil vere: Det vi skriv om  i Du  mitt Nordmøre  engasjerer slik at lesarane berre «må» føre temaet vidare!

 

Eg vil avslutte med eit dikt av Eldrid Lausund, som bidrog i 20 år med minst 25 dikt i Du mitt Nordmøre:

 

HJARTET MITT ( Du mitt Nordmøre 2006)

Rist hjartet mitt

det må ikkje sove

det må leve

 

det må kjenne

kvar stein som

driv over jorda

 

rist hjartet mitt

det må vakne og

sjå andre små hjarte

som græt

 

andre små hjarte

som lir

under bylgjer av terror

 

rist hjartet mitt

til kjærleiken spirer og

fyller dei tomme hendene

med kraft.

 

Astrid A. Aubert er fødd i Oslo, busett i Kristiansund sidan 1979, har lang fartstid som lektor og skuleleiar ved Atlanten vgs, med faga musikk, tysk og norsk. Ho har vore med i skriftstyret for Du mitt Nordmøre sidan 2012, ig sidan 2016 har ho vore skriftstyreleiar. Ho er oppteken av språk og dialektar, er kvart sogning og har budd  mykje over halve livet i Møre og Romsdal.

bottom of page