top of page

Du mitt Nordmøre

"Du mitt Nordmøre" er Nordmøre Mållag si årvisse bok som tek for seg eit breitt spekter av tema knytt til nordmørsk kultur og historie. Boka har vorte kalla "flaggskipet" i målrørsla sin tidsskriftproduksjon, og har lesarar over heile landet.
 
Den første utgåva av "Du mitt Nordmøre" kom i 1966, og på desse sidene finn du informasjon om alle årgangane av boka. I menyen øvst på sida finn du oversyn over kven som har sete i skriftstyra opp gjennom, oversyn over alle forfattarane, og framsidebilete og innhaldsliste for alle årgangane.
 
Vi har restopplag av nokre eldre årgangar som vi sel. Ta kontakt med vår salsansvarlege  på aukan08@gmail.com for å tinga dei bøkene du vil ha. Vi sender dersom vi har dei på lager! 

(Om boka er utselt, kan vi kanskje skaffe kopi av dei tekstane du er på jakt etter. Ta kontakt!)

Skulemålsskrivar i Noregs Mållag, Ingar Arnøy, (i midten)  sa på Nordmøre Mållag sitt hauststeminar at Du mitt Nordmøre er sjølve flaggskipet i målrørsla sin tidsskriftproduksjon. 

bottom of page