top of page

Målprisen til Eivind Hasle

Eivind Hasle frå Surnadal heimbygdlag fekk på årsmøtet i Nordmøre Mållag målprisen for 2021. Eivind fekk prisen for ein lang og aktiv innsats i målrørsla. Han har mellom anna forfatta historia til fråhaldsrørsla i Møre og Romsdal, skrive jubileumsheftet til Surnadal Kunstlag, halde tallause føredrag og skrive lesarinnlegg i aviser i heile fylket. Han har òg nytta nynorsk i alt sitt arbeid som politikar. Ingrid Kjønnøy, leiar i Nordmøre Mållag, sa dei var glade for å kunne gje målprisen til ein kunnskapsrik, arbeidsam og idealistisk person.


Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page