Seminar Hurra!

Velkommen til seminar!

Nordmøre Mållag arrangerer motivasjons – inspirasjons – nordmørsseminar for medlemmar og andre interesserte. No er det endeleg muleg å møtast igjen, så no slår vi til.

Tid: Laurdag 1. oktober 2022

Stad: Tingvoll Fjordhotell

Program

Tidene er omtrentlege, og det blir korte pausar når det høver.

10.00 – Kaffe, frukt, o.a. Vi helsar på kvarandre.

10.30 – Kåseri ved Bernt G. Bøe. Tema er litt hemmeleg enno.

11.15 – Folkemusikk og dans frå Nordmøre. Torgeir Leivdal og dansarane Silje og Rune.

12.00 – Om «Du mitt Nordmøre». Leiar i skriftstyret Astrid A. Aubert orienterer om boka i år. Vi diskuterer kva vi kan gjera for å auke salet.

12.30 - Matpause Vi får salat med m.a. kylling og ein spesiell ost frå Tingvollost.

13.15 – Ingar Arnøy får ordet. Skulemål, målbyte o.a. er eit hovudpunkt i arbeidsprogrammet for Noregs Mållag og Nordmøre Mållag. Diskusjon om temaet og om kva mållaga kan gjera for å støtte elevar som brukar nynorsk. Innspel, erfaringar, idéar, tankar.

14.30 – Nils Ulvund orienterer om korleis lag kan søke og få tilskot til å arrangere kurs og seminar.

15.00 – Slutt seinast da. Alle er samde om at vi har hatt ein fin dag.


Pris? Nei da, seminaret er gratis for dei som deltar.

Påmelding (fordi vi må sikre oss at det blir nok mat) seinast ei veke før, dvs. 24. september. Meld frå til leiar i lokallaget om du vil vera med!

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square