
Haustseminar på Aure
Laurdag 3. november hadde Nordmøre Mållag haustseminar på Aure. Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag tala mellom anna om digitale læremiddel, og kor viktig det er at skulane syter for at dei digitale læremidla dei kjøper inn er tilgjengelege både på nynorsk og bokmål. I tillegg fekk vi presentert eit framifrå Vinje-program ved Aure Mållag. Kirsti Orheim Ås tala om avismannen og essayisten Aasmund Olavson Vinje, og lokale musikarar under leiing av Aure mållag sin eige