top of page

Målprisen for 2016

Målprisen 2016 går til Øyvind Rangøy

Grunngjeving:

Øyvind Rangøy (f. 1979) har utmerka seg som eit oppkomme av ord og undring. I fleire årgangar av Du mitt Nordmøre har vi lese tekstane hans. Gjennom Kammerpoetane tek han del i konsertar og andre arrangement, mellom anna på Averøya. I sosiale media flyt han over med små gåter, anekdotar, dikt, forteljingar og fine foto. Alt på nynorsk.

Han er frå Rangøya på Averøya og er knytt til fiskeri og sjøliv. Som han seier sjølv, var han to år gammal då siste turen med trålaren Rangøy vart hans første minne og fiskeriet ei evig kjelde til nostalgi og mytedanning. Tjue år seinare var han gift estisk og emigrert til Estland for å studere det lokale språket. I 2005 vart han månadens poet i Dagbladet med eit dikt om å sløye laks. I dag er han busett i to land, er estiskfilolog, master i nynorsk skriftkultur, kvalitetsleiar ved ei fiskebedrift på heimstaden Rangøya, konsulent, datalingvist og er i det store og heile eit kulturelt amfibium (hans eige ord). Han har laga søkesystemet til Diktkammeret og har hatt fleire dikt i månadsfinalen, er representert i Å våga seg ut i ord, og har gjendiktingar i mellom anna Verden finnes ikke på kartet.

Skrivinga lever i eit stort spenn frå aforismar og til tider surrealistisk språkleik via ei utforsking av arv, tradisjonar og livsverd til djup eksistensiell undring kring filosofiske og religiøse problemstillingar. Og alt dette på eit framifrå nynorsk.

Nordmøre mållag set stor pris på hans originale og utømmelege språklege kjelde av poesi og kvardag, som kjem frå eit bokmålsdominert området, ytst mot havet.

Nordmøre Mållag ønskjer

Øyvind Rangøy

til lukke med målprisen for 2016

Tingvoll i september 2016

For styret i Nordmøre Mållag

Åsmund Ormset

-styreleiar-

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page