top of page

Målprisen 2017 til Lars Steinar Ansnes

Målprisen 2017 går til Lars Steinar Ansnes

På årsmøtet til Nordmøre Mållag sist laurdag fekk Lars Steinar Ansnes målpris for 2017. Leiaren i Nordmøre Mållag, Åsmund Ormset, sa at Ansnes får prisen for si «tydelege utvikling i målsyn og praksis.» Han poengterte og at Ansnes sin blogg Fintenkjarplassen.blogg.no er eit framifrå døme på nynorsk som bloggspråk.

Ansnes er mest kjend som mangeårig redaktør for Aura Avis, men Nordmøre Mållag skriv i grunngjevinga si at «privat er han òg redaktør for Jul på Nordmøre og medlem i skriftstyret for Stangvik historielag sitt årsskrift. Dei siste åra har han vore med på å skrive to bøker om setring og anna utmarksbruk. Både som redaktør og privatperson tek han ansvar for språkleg rettferd og toleranse.» Det var ein overraska og stolt prisvinnar som sa at det forplikta å få ein slik pris, og at han vill halda fram arbeidet for norsk språk.

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page