Velkomen

Du_mitt_Nordmøre_2019_framside_edited.jp

Du mitt Nordmøre for 2019 er no i sal!

Du mitt Nordmøre for 2019 er no klart.

 

I år ynskjer vi å setje eit særleg søkjelys på Nordmøre som landsdel med eigen kultur og gamle tradisjonar. Vi har invitert ordførarane i Eide, Rindal, Halsa og Gjemnes til å uttale seg om kva det vil seie å vere nordmøring.

Bunadsgeriljaen har skapt eit enormt engasjement på Nordmøre og vi dekkjer temaet på vår måte, med omtale av ein allsidig bunadsentusiast, to jordmødrer og båten som bunadsgeriljaen brukte. Vi gjer stas på fotballjentene frå Sunndal, og på ungdomsskuleelvane som har skrive om dei. Vi gler oss over å presentere to flotte innvandrarkvinner i Aure. Du kan også lese om energi på Bølsetgardane og folkerøystinga om brennevinsforbod i 1919, om taterar og om mykje anna: Personlege skildringar, intereressante personlegdomar, blomstereng og kulturlandskap, villsau og nyvinning for beitedyr, - og her er både musikk og mange fine dikt.  Dessutan har vi med eit storveges dialektkåseri frå Surnadal, og det har vi allereie lagt ut som lydfil her, slik at du kan lytta til kåseriet medan du les.

Følg oss

© 2017 Nordmøre Mållag
 

Ring:

92262912

  • Facebook Clean