Målprisen til Ann Ingeborg Grimsmo

Ann Ingeborg Grimsmo fekk Nordmøre mållag sin målpris for 2018 under årsmøtet på Halsa i går. I grunngjevinga la styret vekt på den store innsatsen Ann Ingeborg har gjort for nynorsken både i Rindal og på resten av Nordmøre.

Det var ein audmjuk prismottakar som sa ho ikkje forstod kvifor ho skulle få prisen for ho var no "berre ein vanleg fotsoldat". Men styret sa det var nett difor ho fekk prisen - av di ho representerer grunnstammen i målrørsla, og målrørsla er heilt avhengig av personar som usjølvisk legg ned time etter time for målsaka.

Her er heile grunngjevinga for tildelinga:

Ann Ingeborg bur i Rindal, og som språkbrukar og kulturperson er ho prega av solide røter i kulturbakgrunnen frå Indre Nordmøre.

Ho har vore medlem av Noregs Mållag i snart 40 år. Først var ho medlem i Gjemnes Mållag, og etterkvart vart ho med i styret i Nordmøre Mållag. Likeeins var ho med i skriftstyret i Du mitt Nordmøre i fleire år. Ho representerer grunnstammen i målrørsla, og har vore punktleg og påliteleg i alt ho har gjort. Då ho flytta heim til Rindal, vart ho snart med i styret i Rindal Heimbygdlag, og etter få år vart ho leiar. Det vervet har ho enno!

I tillegg vart ho tidleg engasjert i arbeidet med Rindal Heimbygdlag sitt årsskrift og vart etterkvart ein sentral person i arbeidet. Ein innsats ho enno held høgt.

Ann Ingeborg har gjennom alle desse åra ytt stor og trufast innsats for nynorsken både i Rindal og på Nordmøre.

Nordmøre Mållag takkar Ann Ingeborg for innsatsen, og vi er glade for å kunne gje målprisen til ein trufast, innsatsvillig målstrevar. Vi treng slike personar i organisasjonen og arbeidet for nynorsken.

Nordmøre Mållag ønskjer Ann Ingeborg Grimsmo til lykke med målprisen for 2018 og med arbeidet vidare.

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

Følg oss

© 2017 Nordmøre Mållag
 

Ring:

41602489

  • Facebook Clean