top of page
Søk

Haustseminar på Aure

  • aukan08
  • 5. nov. 2018
  • 1 min lesing

Laurdag 3. november hadde Nordmøre Mållag haustseminar på Aure. Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag tala mellom anna om digitale læremiddel, og kor viktig det er at skulane syter for at dei digitale læremidla dei kjøper inn er tilgjengelege både på nynorsk og bokmål.

I tillegg fekk vi presentert eit framifrå Vinje-program ved Aure Mållag. Kirsti Orheim Ås tala om avismannen og essayisten Aasmund Olavson Vinje, og lokale musikarar under leiing av Aure mållag sin eigen Alexey Krubanov spelte både til klassiske komposisjonar og tonesetjingar av Vinje-dikt.

Det var òg presentasjon av Du mitt Nordmøre, og leiar i skriftstyret Astrid Aubert tala engasjert om innhaldet i boka.

Dei som deltok på seminaret var sers nøgde med innhaldet. Kirsti Orheim Aas (første rad heilt til høgre) heldt eit innhaldsrikt og fengjande kåseri om avismannen Åsmund Olavson Vinje.

Bjørn Sjögren (fiolin) og Alexey Kurbanov (orgel) stod for musikken saman med Asbjørn Klaksvik (munnspel)

Bjørn Sjögren og Alexey Kurbanov stod for musikken saman med Asbjørn Klaksvik (ikkje på biletet)

Astrid Aubert presenterte årets Du mitt Nordmøre

 
 
 

Siste innlegg

Se alle
Seminar Hurra!

Velkommen til seminar! Nordmøre Mållag arrangerer motivasjons – inspirasjons – nordmørsseminar for medlemmar og andre interesserte. No...

 
 
 
Kva kostar "Du mitt Nordmøre"?

Prisar på gamle årgangar av «Du mitt Nordmøre» 200 kroner – årets bok (2021) 200 kroner – 1 – 3 år gamle (2020 – 2018) 150 kroner – 4 –...

 
 
 

Comments


Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page