Målprisen 2017 til Lars Steinar Ansnes

March 12, 2018

 

 

På årsmøtet til Nordmøre Mållag sist laurdag fekk Lars Steinar Ansnes målpris for 2017. Leiaren i Nordmøre Mållag, Åsmund Ormset, sa at Ansnes får prisen for si «tydelege utvikling i målsyn og praksis.» Han poengterte og at  Ansnes sin blogg Fintenkjarplassen.blogg.no er eit framifrå døme på nynorsk som bloggspråk.

Ansnes er mest kjend som mangeårig redaktør for Aura Avis, men Nordmøre Mållag skriv i grunngjevinga si at «privat er han òg redaktør for Jul på Nordmøre og medlem i skriftstyret for Stangvik historielag sitt årsskrift. Dei siste åra har han vore med på å skrive to bøker om setring og anna utmarksbruk. Både som redaktør og privatperson tek han ansvar for språkleg rettferd og toleranse.» Det var ein overraska og stolt prisvinnar som sa at det forplikta å få ein slik pris, og at han vill halda fram arbeidet for norsk språk.

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste innlegg

November 5, 2018

November 14, 2017

September 5, 2017

April 2, 2017

January 25, 2017

November 18, 2016

Please reload

Arkiv
Please reload

Søk etter tags
Please reload

Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

Følg oss

© 2017 Nordmøre Mållag
 

Ring:

92262912

  • Facebook Clean