Meir om Kom og lær

September 5, 2017

Kom og lær

 

Latter og musikk fylte kulturrommet på Allanengen skule, Kristiansund, torsdag, der song, rim og regler var tema på kurset Kom og lær. I regi av Nordmøre mållag og Møre og Romsdal fylkeskommune var Øystein Sandbukt, Torgeir Leivdal og Gro Kjelleberg Solli hyra inn som lærarar. Fredag er det kurs i Surnadal.

 

Ein tenker kanskje at barn møter musikk mest på skjerm i dag. Men dei møter óg songar og regler i barnehage og barneskule. Språk, læring og leik heng saman, og dette er tradisjonar vi ikkje må gløyme. I dag blei lokalt stoff formidla til kursdeltakarane, som kom frå barnehagar og barneskular i området. Utgangspunktet er stoffet som blei samla i boka Enno så segla ho Magnill, viser, rim og regler frå Nordmøre publisert i 2002.

 

Dagen starta med minikonsert med nokre elevar som publikum. Så var det økter med læring av songar og regler. Det kan vere freistande å ta i bruk ferdige lydfiler, men her skulle dei lage lyden sjølv. Vi skal lære på øyret, sa Gro Kjelleberg Solli. Det er ein fin måte å lære både for vaksne og barn. Ho sang og deltakarane song etter. Metoden er ikkje så mykje brukt i dag, for vi er så knytt til tekst og notar. Stoffet er overlevert munnleg gjennom fleire hundre år, og det munnlege er litt av poenget. Det skal brukast og bli tilpassa. Derfor er det mange variantar, og det er ikkje ein fasit. Ein kan improvisere og bruke kroppen, ikkje berre stemmen.  Deltakarane måtte opp frå stolen for å danse i ring med enkle steg, klappe og slik få ein totaloppleving kor musikken, rytmen, teksten og alt kling saman.

 

 

 

Torgeir Leivdal lærte bort rim og regler og kom med tips til korleis ein skal hugse alt og korleis ein kan formidle det på ein levande måte. På kurset blei det presentert og øvd på triste og morosame tekstar i fin blanding. Dette er jo leik, men handlar om livet på godt og vondt. Folkedikting kan vere direkte og brutal. Mange av tekstane er frå 1800-talet, så ein lærer historie. Mest var det latter som dominerte, for det var mange tøyserim å høyre.

 

 

 

 

 «Det er herlig å vere her» seier Elin S. Flatø, pedagogisk leiar ved ABC-bakken barnehage på Dale i Kristiansund. Dei har jobba ein del med eventyr og songar av Alf Prøysen. Kvar dag har dei fast samlingsstund kor dei syng. Dei øvar óg på 17.mai-songar. Ho fortalte om ein song ho hadde laga sjølv, som ungane likar godt. For det handlar om å improvisere og gjere songen til sin eigen.

«I Meek barnehage syng vi kvar dag», seier Eli Ellingvåg, pedagogisk leiar. Men det kan bli mykje dei same songane. Ho vil gjerne bruke songane frå kurset i dag. I boka Enno så segla ho Magnill  er det ein cd så ein kan få hjelp til å øve litt meir.

 

 

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Siste innlegg

November 5, 2018

November 14, 2017

September 5, 2017

April 2, 2017

January 25, 2017

November 18, 2016

Please reload

Arkiv
Please reload

Søk etter tags
Please reload

Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

Følg oss

© 2017 Nordmøre Mållag
 

Ring:

41602489

  • Facebook Clean