top of page

Kom og lær

KOM OG LÆR – barnesongar, rim og regler frå Nordmøre

Nordmøre Mållag i samarbeid med Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke inviterer lærarar i barnehagar og barneskular på Nordmøre til to dagskurs:

20.04.2017 i Kristiansund, Allanengen skole på Kirkelandet

21.04.2017 i Surnadal, kommunehuset på Skei

Påmeldingsfrist 7.4.17 til: rolsat@hotmail.no

Invitasjon er sendt til alle kommunane på Nordmøre, og dei vidaresender invitasjonen til sine barnehagar og skular. Påmeldingsfrist til begge kursa er 7. april. Kurshaldar er Gro Kjelleberg Solli saman med Torgeir Leivdal og Øystein Sandbukt.

Dette er eit kurs for å oppleve og erfare. Det blir ein minikonsert med dei tre artistane, deretter ein kursdel. Her får deltakarane kunnskap om denne rike tradisjonen på Nordmøre, og korleis lære bort songar, rim og regler i det daglege arbeidet med barn og unge.

Kurshaldarane er kjende musikarar og artistar med røter på Nordmøre. Gro og Torgeir var saman med Unni Boksasp med på CDen til boka «Enno så segla ho Magnill – viser, rim og regler frå Nordmøre» i 2002.

Meir om kurshaldarane:

Gro Kjelleberg Solli (f.1973) er frå Angvik på Nordmøre, no busett i Os i Østerdalen. Ho jobbar ved Os kulturskule som songlærar og kordirigent, i tillegg til frilans folkemusikar på kurs og konsertar. Ho har spesialisert seg på folkesong frå Nordmøre, og vil gje dykk eit innblikk i den lokale songtradisjonen. Her får du synge barnesongar på dialekt, slik som «Pissikatt, kvar låg du i natt», ein variant av «Lille kattepus».

Torgeir Leivdal (f.1970) er oppvaksen i Batnfjord, og bur i Surnadal. Han har spela fele frå unge barneår. Han er utdanna dramapedagog, har vore teatermusikar og amatørteaterinstruktør. Han har og spela i folkemusikkgruppa «Brann i Blått». Torgeir er og aktiv innan tradisjonshandverk, han har næmingutdanning frå Husasnotra og Geitbåtmuseet i Valsøyfjord.

Øystein Sandbukt (f.1969) er oppvaksen i Sunndal. Han er gitarist og folkemusikar, noko som er ganske uvanleg i Skandinavia. Han har ein mastergrad i tradisjonskunst frå høgskulen i Telemark, og har samla inn mykje slåttemateriale frå Sunndal og Nordmøre som i neste omgang er arrangert for gitar. Øystein har gitt ut ein solo-CD, “Normør”, som blei nominert til Spellemannprisen i 2011. (Den er tilgjengeleg på iTunes, Wimp og Spotify.) Øystein er distriktsmusikar i Møre og Romsdal, og er busett i Sunndal der han og underviser i kulturskulen.

  • Dette er eit eineståande tilbod til alle som arbeider med barn og unge,seierRolv Sæter for arrangementskomiteen

Øystein Sandbukt

Gro Kjelleberg Solli

Torgeir Leivdal

Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page